Kroppen prioriterer forbrenning av alkohol. Det betyr at samstundes som kroppen jobbar for å kvitte seg med alkoholen, set han nedbrytinga av karbohydrat og feitt på vent. I tillegg blir reguleringa av blodsukkeret forstyrra, noko personar med diabetes bør ta spesielt omsyn til.
Les meir om kva som skjer i kroppen når du drikk alkohol.
Kaloriar i øl, vin og anna drikke
Ei standard alkoholeining inneheld cirka 12 gram alkohol. Døme på ei alkoholeining er:
- Ein pils på 33 cl (4,5 vol-%)
- Eit glas vin på 12,5 cl (12 vol-%)
- Eit glas sterkvin på 7,5 cl (20 vol-%)
- Eit glas brennevin på 4 cl (40 vol-%)
Storleiken på glaset har mykje å seie:
- Ein halvliter øl = 1,5 eining alkohol
- Eit stort glas vin på 17,5 cl = 1,5 eining alkohol
Type alkohol/alkoholfri drikke | Kaloriinnhald kcal per 100 g |
Cirka kaloriinnhald kcal per eining |
Eining/mengde | |
---|---|---|---|---|
Likør, 35 vol-% alkohol | 313 | 125 | 4 cl | |
Brennevin, 40 vol-% alkohol | 244 | 98 | 4 cl | |
Vin, raud, 12 vol-% alkohol | 74 | 93 | 1,25 dl | |
Vin, kvit, tørr, 12 vol-% alkohol | 69 | 86 | 1,25 dl | |
Cider, 4,5 vol-% alkohol | 59 | 195 | 1 boks (3,3 dl) | |
Øl, 4,7 vol-% alkohol | 41 | 135 | 1 boks (3,3 dl) | |
Øl, alkoholfritt | 24 | 79 | 1 boks (3,3 dl) | |
Eplejuice | 42 | 84 | 1 glas (2 dl) | |
Brus | 42 | 139 | 1 boks (3,3 dl) | |
Brus, kunstig søta, light, lett | 0 | 0 | 1 boks (3,3 dl) | |
Vatn med kolsyre | 0 | 0 | 1 glad (2 dl) |
Hugs at det ikkje berre er sjølve mengda alkohol (etanol) som har noko å seie for kaloriinnhaldet. Dei andre ingrediensane i drikken kan òg innehalde mange kaloriar. Til dømes inneheld likør særleg mykje sukker.
Alkohol har tomme kaloriar
Alkohol tilfører ingen næringsstoff til kroppen, men ganske mange kaloriar. Alkohol inneheld 7 kaloriar per gram. Til samanlikning inneheld karbohydrat og protein 4 kaloriar per gram, mens feitt inneheld 9 kaloriar per gram.
Eit lite glas raudvin (1,25 dl) inneheld for eksempel rundt 90 kcal (kilokaloriar), og eit glas øl (0,33 liter) inneheld 135 kcal. Til samanlikning inneheld eit glas eplejuice (utan tilsett sukker) cirka 84 kcal og eit glas alkoholfritt øl (0,33 liter) cirka 79 kcal.
Høg alkoholprosent gir fleire kaloriar
Det er ikkje like mange kaloriar i all alkoholhaldig drikke. Dess høgare alkoholprosent, dess fleire kaloriar. Brennevin har høgast alkoholprosent og derfor som regel flest kaloriar. Alkoholfritt øl har berre halvparten av kaloriane i vanleg pils, og færre kaloriar enn brus.
Andre ingrediensar i den alkoholhaldige drikken, som til dømes sukker, kan òg bidra med kaloriar.
Drikk eg for mykje?
Er du uroa for om du drikk for mykje alkohol? Du kan få hjelp til å få oversikt over korleis og kor mykje du drikk.