Ungdom og alkohol – råd til foreldre

Den viktigaste jobben for å få ungdom til å drikke mindre alkohol gjer du heime. Som forelder har du ei sentral rolle og kan vere med på å utsetje debutalderen og avgrense barna sin bruk av alkohol.

Illustrasjonsbilde av ungdommer på fest.

Illustrasjon: Johnêr AB

Helsedirektoratet har utarbeidd fem gode råd om alkohol til deg som har ein tenåring i huset.

Ikkje gi alkohol til ungdom under 18 år

Det er mange gode grunnar til at aldersgrensa for alkohol er 18 år. Den viktigaste er å utsetje alkoholdebuten til ungdommar lengst mogleg. Vi veit at ungdom som byrjar å drikke tidleg drikk meir, også seinare i livet. Dess meir dei drikk, dess større er risikoen for akutt forgifting og alvorlege skadar.

For jenter er seksuelle overgrep ein risiko når dei er rusa/fulle. Gutar fyllekøyrer oftare, utfører uønska seksuelle handlingar og meir eller mindre farlege vågestykke.

Respekter aldersgrensa for alkohol

Sjølv om aldersgrensa for alkohol er 18 år, veit vi at mange unge får tak i alkohol. Forsking syner at aldersgrenser likevel er av dei viktigaste tiltaka for å utsetje unge sin alkoholdebut og redusere forbruket. Det er ingen gode grunnar til at du skal hjelpe barnet ditt med å bryte aldersgrensa.

​Ungdom som får alkohol heime, drikk meir

Foreldre som serverer barna alkohol heime fordi dei føler at dei då har meir kontroll på kva barna drikk, kan gjere seg sjølve og barna ei bjørneteneste. Det er mykje som tyder på at dette verkar mot si hensikt. Forsking syner at ungdom som ofte får alkohol heime drikk meir enn andre ungdommar. Det same gjeld for unge som får med seg alkohol på fest. Ofte kjem alkoholen du sender med dei i tillegg til anna alkohol.

Oppbevaring av alkohol heime

Når du har tenåringar i huset er det lurt å tenke over kvar og korleis du oppbevarer alkohol heime. Når vi spør ungdom kvar dei får tak i alkohol, svarer overraskande mange at dei har tatt alkoholen heime.

Snakk med andre foreldre om felles mål og grenser

Det kan vere nyttig å diskutere grensesetting med andre foreldre, for eksempel barnet si skuleklasse, i idrettslaget eller i vennegjengen. Ofte kan felles grenser i vennegjengen gjere det lettare for ungdom å følge grensene og for oss vaksne å praktisere dei.

Kva rolle spelar vi som foreldre? Kor mykje betyr grensene vi set? Kvar skal grensene eigentleg gå? Er det mogleg å bli samde om nokre felles køyrereglar?

Les meir om rusmiddelførebyggande arbeid her.

Tenk gjennom eigne alkoholvanar

Du er den viktigaste rollemodellen for barna dine. Dei legg merke til korleis du brukar alkohol. Det er ikkje berre det du seier som gjer inntrykk, men like mykje det du faktisk gjer. Det kan derfor vere smart å tenke gjennom dine eigne alkoholvanar.

Mange barn blir engstelege når foreldra drikk alkohol, men også ungdommar vil helst ha edru vaksne. Det kan opplevast som flaut å sjå foreldra rusa og fulle.

Når barna blir så store at dei er ute i helgene, kan det vere lurt å kunne hente dei dersom noko skulle skje. Kanskje dette inneber at vi som foreldre må avgrense eige alkoholforbruk i denne fasen av livet eller avtale med andre vaksne når det gjeld henting?

Syn at du bryr deg, set tydelege grenser

Foreldre er viktige. Erfaring syner at dess meir du veit om kva tenåringen din gjer og kven ho/han er saman med, dess mindre drikk ho/han. Det kan vere lurt med avtalar om innetid, om at mobiltelefonen skal vere på så du kan ringe dei, om henting og om kvar dottera di eller sonen din får opphalde seg. Slike grenser er uttrykk for at du bryr deg.

Det er viktig at du snakkar med barna dine om alkohol, og at du set tydelege grenser for kva du tillet og kva du meiner er uakseptabelt. Klare grenser hjelper ungdom til å stå imot gruppepress. Når andre prøver å overtale, kan det vere ei hjelp å skulde på «teite foreldre» og «dumme reglar». Ungdom som veit at foreldra ikkje likar at dei drikk alkohol, drikk mindre.

Vanlege reglar

Vanlege reglar er at barn ikkje får servert alkohol heime før dei er 18 år, at dei ikkje får alkohol med på fest, eller at dei ikkje får sove over hos vennar utan at dei har snakka med foreldra først. Du kan også lage avtalar om når barna skal vere heime, eller når og kvar du skal hente dei, at mobiltelefonen skal vere på så du kan nå dei, kvar barnet ditt får opphalde seg og at du får vite kven dei er saman med. Snakk med barnet ditt om kvifor du set desse grensene og kvifor du «bryr deg».