Kva er fysioterapi?

Fysioterapeutar jobbar med kropp, bevegelse og funksjon. Dei behandlar personar i alle aldrar og samarbeider ofte med anna helsepersonell. Fysioterapeutar jobbar òg helsefremjande og førebyggjande mot enkeltpersonar, grupper og på samfunnsnivå.

Ulike former for fysioterapi 


Fysioterapeutar bruker ulike metodar og øvingar når dei skal behandle deg. Dei gjev deg òg informasjon og rettleiing.

Det finst ulike typar fysioterapi, som

  • fysioterapi for barn og unge
  • fysioterapi for eldre
  • fysioterapi for kvinner
  • idrettsfysioterapi
  • ridefysioterapi
  • psykomotorisk fysioterapi
  • manuellterapi

Du kan også få fysioterapi for ulike tilstandar, som

  • kreft
  • nevrologiske tilstandar
  • ortopediske tilstandar
  • reumatologiske tilstandar
  • hjarte- og lungesjukdomar
  • muskel- og skjelettskadar, sjukdomar og plager

Fysioterapeutar er autorisert helsepersonell, og har eit sjølvstendig vurderings- og behandlingsansvar.

Korleis få tilbod om fysioterapi

Du treng ikkje tilvising til fysioterapeut.

Det er to måtar å få fysioterapi på. Den eine er å oppsøkje ein fysioterapeut som har driftsavtale med kommunen. Den andre er å oppsøkje ein frittståande fysioterapeut. Begge gjev same behandling, men det er ulikt korleis du betaler.

Hos ein fysioterapeut med driftsavtale med kommunen, betaler du ingenting dersom du er under 16 år eller du har en godkjend yrkesskade.

Førebyggjande og helsefremjande fysioterapi hos helsestasjon eller skulehelseteneste kostar heller ikkje noko. Det kan hende du må betale ein eigendel dersom du får behandling i grupper.

Får du behandling hos fysioterapeut utan driftsavtale, må du betale sjølv.

Kommunar skal ha tilbod om fysioterapi. Det kan vere kommunalt tilsette fysioterapeutar og/eller fysioterapeutar med driftsavtale. Dei kan gje behandling heime ved behov.

Fysioterapeutar med driftsavtale gjev oftast behandling ved fysioterapi-institutt. Sjukeheimar skal også ha eit fysioterapitilbod.

Kvar kan du få behandling av fysioterapeut?

Det finst fleire stader du kan få behandling av fysioterapeut.

Kommunehelsetenesta

Rehabiliteringsinstitusjonar

Fysioterapeutar er ein viktig del av eit tverrfagleg rehabiliteringstilbod. I rehabiliteringsinstitusjonar jobbar fysioterapeutar saman med andre faggrupper.
Fysioterapeutane bidreg med kompetansen sin når funksjonsproblem hos ein pasient skal vurderast. Dei bidreg også med opptrening som betrar funksjonsnivået.

Skule, helsestasjon og barnehage

Barn som utviklar seg annleis enn andre, som har ulike sjukdomar eller skadar har behov for fysioterapi. Fysioterapeutar jobbar i samarbeid med foreldre, helsesøstrer, barnehage og skule. Målet er å hjelpe barn og unge slik at dei kan ta del i leik og daglegliv.

Sjuke- og aldersheimar

Fysioterapeutar kan bidra til at bebuarar blir aktive og kan ta del i daglegdagse situasjonar. Fysioterapeutar samarbeider med anna personale om å hjelpe bebuarar til å klare seg mest mogleg sjølv.

Heimebaserte tenester

I heimebaserte tenester jobbar fysioterapeutar både førebyggjande og rehabiliterande. Fysioterapeutar jobbar med kvardagsrehabilitering, med fokus på trening, funksjon og å vere sjølvstendig.

Spesialisthelsetenesta

Fysioterapeutar kan jobbe på sjukehus og/eller i private rehabiliteringsinstitusjonar. På sjukehus kan fysioterapeutar bidra både i den akutte fasen, etter alvorleg sjukdom og etter operasjonar.

Innan psykiatrien jobbar fysioterapeutar heilskapleg med kropp og kjensler. Fysioterapi kan vere individuell undersøking og behandling, eller vere del av eit gruppetilbod.

I arbeidslivsretta rehabilitering på private institusjonar bidreg fysioterapeutar med opptrening, og stør klientane i livsstilsendringar for å kunne fungere i arbeidslivet.

Arbeidslivet

Bedrifter og organisasjonar kan ha tilsett fysioterapeutar som driv med kartlegging og risikovurdering, og med rådgjeving, medvitsgjering og tilrettelegging for å skape eit helsefremjande arbeidsmiljø.

Andre arenaer

Fysioterapeutar kan bidra i frisklivssentralar og lærings- og meistringssenter. Fysioterapeutar utformar også eigne private tilbod, retta mot bedrifter/arbeidsliv og mot friskliv.

Fysioterapeutar skal bidra til at menneske med nedsett funksjonsevne skal kunne vere i arbeid og ha best mogleg funksjonsevne.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Kva er fysioterapi?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 13. juni 2022 [henta torsdag 18. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/behandlere/fysioterapeut/

Sist oppdatert måndag 13. juni 2022