Søknaden om individuell stønad til Aimovig, Ajovy, Aquipta og Emgality må komme frå ein spesialist i nevrologi eller ein lege ved eit offentleg sjukehus. Legen/spesialisten søker Helfo på vegne av deg som er pasient.
For barn under 18 år kan søknaden også komme frå ein barnelege.
Kven kan få stønad til migrenemedisin?
I tillegg til at søknaden må vere sendt frå rett lege, må også desse krava vere oppfylt for at du skal få migrenemedisinen på blå resept:
- Du må ha kronisk migrene. Kronisk migrene er definert ved minst 15 dagar med hovudverk (hodepine) kvar månad, der minst 8 dagar er migrenedagar, over ei periode på meir enn 3 månader.
- Du må og ha forsøkt minst tre førebyggande legemiddel mot migrene. Behandlinga med desse førebyggande legemidla må ha vore utan tilstrekkeleg effekt, eller med biverknader. Legen din kan vurdere å søke om unntak frå dette kravet, dersom det er tungtvegande medisinske årsaker til at minst tre førebyggande legemiddel ikkje kan nyttast.
Direktoratet for medisinske produkt (tidlegare Legemiddelverket) har bestemt kva legemiddel du må ha forsøkt før du kan få innvilga stønad til Aimovig, Ajovy, Aquipta eller Emgality.
På helfo.no finn du oversikta over kva slags legemiddel som må vere forsøkt.
Vedtaket om migrenemedisin er normalt gyldig i eitt år
Vedtak om individuell stønad til desse legemidla er som hovudregel gyldig i eitt år. Dersom du skal fortsette med behandlinga lenger enn dette, må legen din sende ein ny søknad for at du framleis skal få dekka behandlinga på blå resept.
Dersom du har eit vedtak frå før 22. oktober 2020, vil dette vedtaket ikkje være tidsavgrensa til eitt år, og legen din trenger ikkje søke på nytt.
Migrene
Migrene er en kronisk sykdom som gir tilbakevendende moderat til alvorlig hodepine. Migrene kan være svært smertefullt, men det finnes god behandling.
Refusjon av utgifter til migrenemedisin
Dersom søknaden blir innvilga, kan du søke Helfo om refusjon for utgifter du har hatt til desse legemidla før du fekk dei på blå resept.
- Du må sende inn søknaden din innan seks månader for kvart legemiddelkjøp etter at du har oppnådd beløpet for eigenbetaling.
- Dersom du har fått faktura og betalt i ettertid, blir fristen rekna frå betalingsdatoen.
Resepter og medisiner
Her får du informasjon om hvordan du kan hente ut og fornye resepter på vegne av deg selv og andre. Du kan også lese om hvordan du får medisiner på blå resept.