Livsforlengande og lindrande behandling

Når ein alvorleg sjukdom ikkje lenger kan kurerast, får du tilbod om livsforlengande og lindrande behandling. Målet med behandlinga er at du kan leve lenger og ha det så godt som mogleg.

Kva er livsforlengande behandling?

Når ein sjukdom ikkje lenger kan bli kurert, vil ein vurdere moglegheitene for livsforlengande behandling. Livsforlengande behandling er all behandling som kan forlenge livet til pasienten. Det kan handle om å behandle følgesjukdommar eller å hindre forverring av grunnsjukdomen.

Effekten av livsforlengande behandling vil alltid bli vurdert opp mot eventuelle biverknader.

Kva er lindrande behandling?

Lindrande behandling (palliativ behandling) er å gi den som har ein sjukdom som ikkje kan lækjast, behandling, hjelp og støtte til at livet blir så godt som mogleg i alle fasar av sjukdomen. Nokon får lindrande behandling i ein kort fase, medan andre får det i fleire år.

Behandlinga skal førebygge og lindre smerter, kvalme, angst, uro og pusteproblem. Ho skal også følge opp psykiske, åndelege og eksistensielle behov.

Målet er å gi både den sjuke og dei pårørande best mogleg livskvalitet i tida som er igjen.

Kven får lindrande behandling?

Alle med behov for lindrande behandling og omsorg skal få tilbod om det, uavhengig av diagnose. Lindrande behandling og omsorg er aktuelt frå tidleg i sjukdomsforløpet saman med behandling som har som føremål å forlenge livet.

Pasientar med behov for lindrande behandling kan vere svært ulike. Nokon kan vere i fullt arbeid, medan andre kan ha stort behov for hjelp i det daglege.

Kvar og korleis skjer lindrande behandling?

Lindrande behandling kan ein gi

  • i heimen
  • på sjukeheim
  • på sjukehuset
  • i spesielle lindrande einingar på sjukehus, sjukeheimar og helsehus

Ofte vil ulike yrkesgrupper samarbeide for å gi pasient og pårørande best mogleg behandling og oppfølging.

I tillegg til lege og sjukepleiar, kan fysioterapeut, ergoterapeut, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom, psykolog og ein samtalepartnar / ein trus- eller livssynsrettleiar hjelpe, om pasienten ønsker det.

Rett til medverknad og informasjon

Open dialog med helsepersonellet om behandlingsstrategiar skal gi pasient og pårørande så mykje tryggleik og så føreseielege rammer som mogleg. Pasienten har rett på god informasjon om målet med behandlinga, effekt og biverknader. Pasienten har rett til å takke ja eller nei til den behandlinga som blir tilbydd.

Saman med pasienten vil legen vurdere behandlinga. Legen vil ta omsyn til pasienten sine erfaringar og ønske og livskvalitet i kvardagen. Ved livsforlengande behandling må effekten av behandlinga alltid vurderast opp mot ei eventuell forverring av livskvaliteten.

Når legane skal starte eller avslutte behandling er dei avhengige av ein god dialog med pasienten. Om pasienten ikkje kan gi uttrykk for ønska sine, skal legen lytte til nærmaste pårørande før ein tar avgjerda.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet i samarbeid med Kreftforeningen, Nasjonalforeningen for folkehelsen, Hjernesvulstforeningen, Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn, m.fl.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Livsforlengande og lindrande behandling. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 28. april 2023 [henta måndag 27. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/doden/lindrende-behandling-og-omsorg/

Sist oppdatert fredag 28. april 2023