Vil du bli blodgivar?

Det tek berre ein halv time å gi blod. Den halve literen du gir, kan redde tre liv. Er du frisk og mellom 18 og 60 år, kan du melde deg som blodgivar.

Kvinne gir blod hos blodbanken

Det finst inga erstatning for blod. Blod er eit levande materiale, og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ikkje blod framstillast kunstig – det må gjevast.

Mange pasientar kan ikkje overleve utan blodoverføring. Desse pasientane er avhengige av hjelp frå blodgivarar.

Ettersom blod berre held seg ei avgrensa tid, må blodbankane heile tida få påfyll av nytt blod for ikkje å gå tomme. Det er behov for mange nye blodgivarar kvart år, for å erstatte dei som ikkje lenger kan gi blod grunna alder, sjukdom, medisinbruk eller liknande.

Blodgivarar er livsviktige for helsetilbodet i Noreg. Melder du deg som blodgjevar, gjer du derfor ein viktig samfunnsinnsats.

Korleis blir eg blodgivar?

​Du kan melde deg som blodgivar ved alle blodbankane/givarstadene i Noreg ved å registrere deg som blodgivar på nettstaden giblod.no.

Du finn også ei oversikt over alle blodbankene i Norge fordelt på fylke (giblod.no), med kontaktinformasjon og åpningstider.

Kven kan gi blod?

Hovudregelen er at du kan melde deg som blodgivar dersom du

  • er mellom 18 og 60 år
  • kjenner deg heilt frisk
  • veg over 50 kg
  • ikkje er i risikogruppe for hiv, hepatitt eller andre sjukdomar som kan overførast med blod

Blodoverføring må ikkje skade korkje blodgivar eller mottakar. Derfor vurderer Blodbanken kvar blodgivar nøye før dei eventuelt får gje blod.

Kven kan ikkje gi blod?

Hovudregel​

Som hovudregel kan du ikkje bli blodgivar dersom du

  • er kronisk sjuk eller har hatt kreft
  • bruker faste medisinar (unnateke p-piller, allergimedisin og middel mot lågt stoffskifte)
  • er i ei risikogruppe for smitte av infeksjonssjukdomar som hiv eller hepatitt. 

Personar som har injisert narkotika er til dømes permanent utelukka frå å bli blodgivar. Personar som har selt seksuelle tenester kan ikkje gi blod før det er gått 12 månader etter siste seksuelle kontakt.

Menn som har sex med menn kan i dag ikkje gi blod før det er gått 12 månader etter siste seksuelle kontakt. Her planlegg ein ei endring: Sjå Menn som har sex med menn må vente med å gi blod - Helsedirektoratet.

I mange land førekjem infeksjonssjukdomar som kan smitte med blod, derfor kan du som har vakse opp i eller har vore i enkelte land over lengre tid bli permanent eller midlertidig utelukka frå å gi blod.

Du skal ikkje gi blod dersom du har luftvegssymptom eller feber. Ved feber er det 14 dagars karantene frå å gi blod, som ein tel frå dagen etter at du er symptomfri.

Blodgjeving og korona

Informasjon om covid og karantene ved blodgiving finst på Helsedirektoratet sine nettsider

Mellombels utestenging frå blodgiving

I ei rekkje tilfelle kan du også få mellombels karantene mot å gi blod, det vil seie at du ikkje kan gi blod i ein kortare eller lengre periode. Det gjeld blant anna dersom du er gravid, har bytt seksualpartnar, teke piercing eller tatovering, vore sjuk eller vore på reise i eit land der infeksjonssjukdomar som smittar med blod, er utbreidde.

Du finn ei kort oversikt over hven som ikkje kan gi blod på giblod.no

Fullstendige reglar for blodgiving er omfattande og detaljerte, og skildrar mange grensetilfelle som må vurderast av fagpersonell. Reglane er skildra i «Veileder for transfusjonstjenesten i Norge».

Får eg pengar for å gi blod?

Nei. Blodgiving skal ifølgje blodforskrifta vere frivillig og vederlagsfri. Dette er ikkje til hinder for at nokre blodbankar gir deg ei lita gåve av ubetydeleg verdi.

Kva skjer når eg gir blod?

Du kan gi blod inntil fire gonger i året.

Slik går det føre seg:

  1. Ved kvar blodgiving fyller du ut eit spørjeskjema, viser legitimasjon og blir intervjua.
  2. Den som skal tappe blodet ditt, desinfiserer stikkstaden nøye, og sjekkar identiteten din for å forsikre seg om at etiketten på blodposane er merkt riktig.
  3. Du får eit stikk i armen og gjev 450 ml blod. Samtidig tek ein blodprøvar for testing.
  4. Du får eit plaster på stikkstaden, og skal klemme godt på dette dei første minutta.
  5. Etter tappinga har du gitt 10–12 prosent av blodet du har i kroppen. Volumet vil byggje seg opp igjen i løpet av nokre timar. For å førebyggje reaksjonar som følgje av væsketapet, bør du kvile i 10–15 minutt etter at du har gitt blod, og drikke rikeleg.

Du kan når som helst i prosessen stille spørsmål om du lurer på noko – personalet har teieplikt.

10 gode råd til deg som er blodgivar

Det er trygt å gi blod.

Av og til kan det likevel oppstå biverknader ved blodgiving. Dei aller fleste er lette og kortvarige. Her finn du råd om korleis du kan førebyggje dei.

  1. Drikk rikeleg før, under og etter blodgiving.
  2. Et noko i løpet av dei siste tre timane før du gjev blod.
  3. Ikkje gje blod dersom du er stressa eller sliten.
  4. Sei frå dersom du får sterke eller uvanlege smerter ved innstikk eller medan du gir blod.
  5. Ikkje løft tungt med armen dei første dagane etter blodgjeving.
  6. Kvil i minst 10–15 minutt etter at du har gitt blod.
  7. Unngå å anstrenge deg hardt fysisk dei første 24 timane etter at du har gitt blod.
  8. Unngå å stå oppreist lenge den dagen du har gitt blod.
  9. Drikk mjølk eller et yoghurt like før du skal gi blod ved aferese, det vil seie at blodet blir tappa ved hjelp av maskin.
  10. Kontakt Blodbanken dersom du blir sjuk dei næraste dagane etter at du har gjeve blod.

Det er viktig at du melder frå til Blodbanken dersom du opplever ubehag eller biverknader under eller etter blodgiving!

Content provided by The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Vil du bli blodgivar? . [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Monday, June 26, 2023 [retrieved Thursday, April 18, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/bli-blodgiver/

Last updated Monday, June 26, 2023