Forsøk med primærhelseteam på enkelte legekontor

I eit prøveprosjekt i ni kommunar testar nokre legekontor om eit primærhelseteam som består av fastlege, sjukepleiar og helsesekretær gir eit betre tilbod til pasientane.

Illustration: Morten Rakke / Helfo

Prøveprosjektet starta i 2018 og omfattar alle pasientar som står på lista til fastlegane som deltek i forsøksordninga. Det vil likevel vere eit særleg fokus på betre helsehjelp til desse pasientgruppene:

  • Kronisk sjuke 
  • Personar med psykiske helseproblem
  • Rusavhengige
  • Utviklingshemma
  • Personar med funksjonsnedsettingar
  • Eldre med svekka helse 

Målsetjinga for prøveprosjektet er at du som brukar av helsetenesta skal oppleve betre helse og meistring. Det er også eit mål at du skal oppleve meir koordinerte og samanhengande tenester.

Forsøksordninga varer fram til 31. mars 2023, og vert evaluert kontinuerleg for å sjå i kva grad ein oppnår ønska effekt.

I tenesta Bytte fastlege kan du sjå kva legekontor som er med i forsøket.

Per i dag er det desse kommunane/legekontora som er med i forsøket primærhelseteam:

 
Kommune Legekontor
Austvoll kommune Austvoll legesenter
Hå kommune Hå legesenter
Kinn kommune Legegruppa SMS
Kristiansand kommune Bystranda legesenter
Kristiansand kommune Sandnes medisinske senter
Kristiansand kommune Sørlandsparken Bht
Oslo kommune, bydel Sagene Sagene lokalmedisinske senter
Oslo kommune, bydel Nordstrand Best helse
Oslo kommune, bydel Alna Brynsenglegene
Oslo kommune, bydel Alna Gransdalen legesenter Drift
Oslo kommune, bydel Alna Brynklinikken fastlegesenter
Rana kommune Rana lokalmedisinske senter
Ringsaker kommune Brumunddal Legesenter
Ringsaker kommune Herredshuset legesenter
Ringsaker kommune   Moelv legesenter
Seljord kommune Seljord Helsesenter
Stad kommune Stad legeteneste