Treng eg kosttilskot?

Vi får stort sett i oss det vi treng frå maten vi et, men det er nokre næringsstoff det er vanskeleg å dekkje behovet for. For nokre kan det vere nyttig å ta kosttilskot.

Tranpiller

Om du følgjer kostråda kan du få i deg tilstrekkeleg med vitamin og mineral gjennom den maten du et til vanleg. Nokre næringsstoff kan det likevel vere ei utfordring å få nok av. Det gjeld først og fremst D-vitamin.

Kosttilskot kan vere nødvendig for å dekke behovet av bestemte næringsstoff i nokre grupper av befolkninga, eller i nokre periodar i livsløpet.

Dette er kosttilskot

Kosttilskot er næringsstoff i konsentrert form, som:

  • er meint å skulle supplere mat og drikke. Nokre eksempel er tran, vitamin D, jern og omega 3.

  • er vitamin, mineral eller andre stoff med ernæringseffekt eller fysiologisk effekt, åleine eller i kombinasjon.

  •  skal takast i form av tablettar, kapslar, pulver, dråper og liknande.

D-vitamin

Det daglege anbefalte inntaket i Noreg er 10 mikrogram (µg) D-vitamin for spedbarn, barn og vaksne og 20 mikrogram D-vitamin per dag for eldre over 75 år.

Det er få kjelder til D-vitamin i kosten. Dei viktigaste kjeldene er feit fisk, tran, og mjølk og margarin tilsett D-vitamin. For sped- og småbarn kan barnegrøt tilsett D-vitamin og morsmjølkerstatning vere gode kjelder. D-vitamin produserast i huda når sola skinnar på den. I Norge har vi lite sol store deler av året. Derfor er det nødvendig at vi får tilstrekkelig D-vitamin tilført gjennom kosten eller kosttilskudd, særleg om vinteren.

Det er anbefalt at du tek tilskot av D-vitamin, tilsvarande anbefalt dagleg inntak, dersom du et lite av dei matvarene som inneheld D-vitamin og du får lite sollys på huda.

Mengde D-vitamin frå ulike kostkjelder:

Kostkjelde Porsjonsstørrelse Mengde D-vitamin
Laksefilet 1 filet, 125 gram 13,5 µg
Lettmjølk tilsett D-vitamin 2 glas, 4 dl 1,6 µg
Makrell i tomat 1 brødskive, 40 g 1,2 µg
Sursild 1 brødskive, 40 g 2,8 µg
Tran 1 ts, 5 ml 10 µg

I praksis vil mange ha behov for tilskot av D-vitamin for å oppnå det anbefalte inntaket, spesielt i vinterhalvåret frå oktober til april. Dette gjeld særleg eldre.

Når UV-strålar frå sola treff huda, dannast D-vitamin. Personar med mørk hud dannar mindre D-vitamin frå sola i huda enn dei med lys hud og har derfor ein auka risiko for D-vitaminmangel.

Kosttilskot kan ikkje kompensere for eit usunt kosthald

Ofte tek vi kosttilskot fordi vi trur det kan gje oss noko som vi ikkje får gjennom å ete vanleg mat. For å vere på den sikre sida vel vi å ta kosttilskot. Dessverre kan du ikkje kompensere eit usunt kosthald med å ta kosttilskot.

Mange produsentar lovar også meir enn dei kan halde. Dersom noko høyrest ut som det er for godt til å vere sant, så er det vanlegvis det. Mattilsynet.no har informasjon om merking og marknadsføring, og åtvaringar mot nokre typar kosttilskot.

Kven treng kosttilskot?

Dei som treng kosttilskot er personar som utelet viktige matvaregrupper frå kosten, har sjukdomar som fører til auka behov, i tillegg til nokre andre grupper.

Graviditet og spedbarn

  • Dersom du planlegg å bli gravid bør du ta eit folattilskot på 400 mikrogram dagleg frå minst ein månad før befruktning og i svangerskapets første tre månader, i tillegg til folat frå eit variert kosthald. Sjå råd for gravide.

  • Alle spedbarn som ammes bør få dagleg tilskot av D-vitamin frå dei er omkring ei veke gamle. Barn som får morsmjølkerstatning (700 ml eller meir per dag) treng ikkje ekstra tilskot av D-vitamin fordi barnet då vil få dekka behovet sitt gjennom morsmjølkerstatninga. D-vitamindråper eller D-vitaminspray kan nyttast. Tran anbefalast ikkje som tilskot til barn det første året. Sjå råd om vitamintilskot til spedbarn. For barn i familiar med vegetarisk eller vegansk kosthald kan det vere nødvendig med andre tilskot. Les meir om vegetarisk og vegansk kosthald.

Du bør ta eit tilskot med eit eller fleire vitamin og/eller mineral

  • om du har matallergi eller av andre årsaker utelet heile matvaregrupper frå kosten.
  • får påvist mangel på eit næringsstoff (for eksempel jern eller D-vitamin). Du kan måle dine blodverdiar hos fastlegen.

  • om du av medisinske årsaker får beskjed om det av legen din.

  • om du har eit lavt energiinntak. Dette gjeld særleg for eldre.

  • om du av ulike årsaker utelet heile matvaregrupper frå kosthaldet. Det gjeld særleg om du utelet fisk og meieriprodukt. Aktuelle tilskot er omega 3-feittsyrer, D-vitamin, jod, kalsium og vitamin B12. Veganarar treng også oftast kosttilskot.

 

For mykje vitamin og mineral kan vere skadeleg

For høge dosar av nokre vitamin og mineral kan vere skadeleg for kroppen. Av den grunn er det viktig å følge rettleiinga og ikkje ta meir enn det som står på pakninga.

Trening og kosttilskot

Eit variert kosthald som inneheld tilstrekkeleg med energi vil som regel vere nok for å dekke næringsbehovet, også om du trener mykje. Om du utelet matvarer som fisk og meieriprodukt, kan du likevel trenge kosttilskot.

Kosttilskot, naturmiddel og naturpreparat er ikkje legemiddel og er regulerte av matlovgivinga. Det er ingen offentleg kvalitetskontroll før desse produkta kjem ut på marknaden, og produkta som blir tilbodne kan ha varierande kvalitet.

Brødskala'n - spis litt grovere

Nøkkelhullet - hjelp til å ta sunnere valg

Content provided by The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Treng eg kosttilskot?. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Monday, December 13, 2021 [retrieved Saturday, April 20, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/kosthold-og-ernaring/sma-grep-for-et-sunt-kosthold/trygg-bruk-av-kosttilskudd/

Last updated Monday, December 13, 2021