Analyse av gen for å finne rett medisin (farmakogenetisk analyse)

Gena dine kan påverke korleis du reagerer på medisinar. Ein gentest (farmakogenetisk analyse) kan i mange tilfelle hjelpe legen din til å velje rett medisin og dose til deg.

Kva er farmakogenetisk analyse?

Farmakogenetikk beskriv korleis gena dine påverkar effekt og biverknadar av legemiddel. I dag er det vanlegast å ta farmakogenetiske testar av såkalla CYP-gen. 
 
CYP-gen er ansvarlege for nedbrytning av meir enn halvparten av alle legemiddel. Ulike variantar av desse gena kan føre til at ein medisin blir verande lenger i kroppen eller blir fjerna raskare frå kroppen enn normalt. 

Når er farmakogenetisk analyse aktuelt?

Ein farmakogenetisk analyse kan vere aktuelt: 

  • viss legemiddelet ikkje gir ønskt effekt, eller du opplever uventa biverknadar. 
  • viss legen finn ut at mengde legemiddel i blodet ikkje stemmer overeins med mengde legemiddel du har tatt. 
  • i tilfelle der det er anbefalt å gjere ein farmakogenetisk test før du startar behandling med eit legemiddel. 

Legen vurderer resultat frå ein farmakogenetisk analyse saman med andre faktorar. Dette kan til dømes vere om du tar legemiddelet rett, har nedsett nyrefunksjon eller brukar andre medisinar samtidig. 

Korleis blir undersøkinga gjord?

1. Det blir tatt ei blodprøve

Om legen vurderer at det er behov for å utføre ein farmakogenetisk analyse, blir det tatt ei blodprøve. Blodprøva blir send til eit laboratorium for undersøking av genvariantar i DNA-et ditt. Analysen gir berre svar på korleis genvariantane dine påverkar nedbrytning og/eller effekt av enkelte legemiddel. Den seier ikkje noko om eventuell risiko for sjukdomar.

2. Prøvesvara blir sende til legen

Etter at analysen er utført, får legen ein rapport frå laboratoriet. Rapporten inneheld ei beskriving av genvariantane dine og betydninga for val av legemiddel og dose. 

3. Legen vurderer korleis behandlinga kan tilpassast dine genvariantar 

Legen din vurderer kva som vil vere det beste valet av legemiddel for deg. Vurderinga både basert på rapporten frå laboratoriet og andre vurderingar av helsa di. Av og til vil genvariantane dine tilseie at du ikkje skal bruke enkelte legemiddel, eller at dosen bør aukast eller reduserast.

Les meir om persontilpassa medisin.

Kvar blir resultata av farmakogenetiske analysar lagra?

Prøvesvaret blir lagra i pasientjournalen din. I somme tilfelle kan legen din òg vurdere at resultatet bør lagrast i kjernejournal for å sikre at helsepersonell som behandlar deg i framtida, raskt får tilgang til viktig informasjon.

Innhaldet er levert av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Analyse av gen for å finne rett medisin (farmakogenetisk analyse). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Monday, December 23, 2024 [henta Saturday, August 16, 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/medisiner/farmakogenetisk-analyse/

Sist oppdatert Monday, December 23, 2024