Blågrønne blader som er runde i spissen med blåsvarte bær.

Blokkebær kan forvekslast med blåbær. Dette er ikkje farleg då blokkebær ikkje er giftig.

Symptom etter inntak av blokkebær

Vi forventar ikkje symptom etter å ha ete blokkebær.

Beskriving av blokkebær

Blokkebær er ei lita, lauvfellande busk med blåsvarte bær som liknar på blåbær. Bæra er derimot lysare enn blåbær, meir avlange og har kvitt fruktkjøt. Dei er dessutan dekte av ei tynn vokshinne.

Blada er blågrøne og runde i spissane. Blada har heil kant i motsetnad til blåbær, som har sagtakka blad.

Grønne klaser med lyng i skogen.

Blokkebær og blåbær veks side om side ute i naturen. Blokkebær med blågrøne blad, medan blåbær er ljosare grøn i bladfargen.

Grønne lyngplanter som vokser på skogbunn.

To blåe bær som ligg i ei handflate.

Blokkebær (bær til høgre) kan ofte ha ei slags "stjerne" i enden av bæret, medan blåbær (bær til venstre) har ein runding/sirkel i enden.

Innhaldet er levert av The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Blokkebær er ikkje giftig. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Monday, August 5, 2024 [henta Friday, September 19, 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/blokkebar/

Sist oppdatert Monday, August 5, 2024