Røde bær og grønne blader

Blomane til vivendel er vanlegvis kremkvite til gule. Bæra er raude.

Symptom ved forgifting med vivendel

  • ​magesmerter
  • kvalme
  • oppkast og/eller diaré

Førstehjelp etter uhell med vivendel

  • ​Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi litt å drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete meir enn 10 til 15 bær frå vivendel.​

Beskriving av vivendel

​Vivendel er ei slyngplante i leddvedslekta som kan bli 2 til 8 meter lang. Den er viltveksande og finst vanlegvis langs kysten. Vivendel blir òg ofte dyrka som prydbusk.

Blomane til vivendel er vanlegvis kremkvite til gule, nokre med purpurskjær, cirka 4 til 5 cm lange. Blomane er velduftande om kvelden. Bæra er raude.

The Norwegian Poison Information Centre offers a helpline to provide assistance when needed

22 59 13 00

24-hour telephone line

Innhaldet er levert av The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Vivendel har irriterande plantesaft. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Tuesday, November 5, 2024 [henta Monday, September 15, 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/vivendel/

Sist oppdatert Tuesday, November 5, 2024