Kva blir dekt av utgifter til madrass- og puteovertrekk?
Helfo dekkjer utgifter til madrass- og puteovertrekk med inntil 1731 kroner (inklusive meirverdiavgift) for madrassovertrekk og med inntil 353 kroner (inklusive meirverdiavgift) for puteovertrekk. Utgiftene blir berre dekte éin gong.
Overtrekka må vere tilrådde av Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF).
For at Helfo skal dekke deler av utgiftene til madrass- og puteovertrekk, må behovet vere stafesta gjennom utsegn eller epikrise av ein av følgande helsepersonell:
- Spesialist i barnesjukdommar, lungesjukdommar , øyre-nase-halssjukdommar, indremedisin eller hudsjukdommar.
- Spesialist i allmennmedisin med godkjenning i allergologi.
Du må sjølv betale for madrass- og puteovertrekket, og deretter krevje å få utgiftene refundert frå Helfo.
Når søknaden er saksbehandla, får barnet eit vedtak frå Helfo i posten.
Send søknad til Helfo
Du kan søkje om dekning av utgifter til madrass- og puteovertrekk ved å bruke eit digitalt skjema.
Saman med søknaden om refusjon må du leggje ved legeerklæring og spesifiserte kvitteringar som inneheld produktnamn, pris, kjøpsdato og namn på forhandlar.
Du må sende kravet til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.
Papirskjema
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut og sende inn
saman med originale, spesifiserte kvitteringar og legeerklæring til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg. Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.
Dersom du fyller ut skjema på vegner av barn under 16 år, er det barnet sine personopplysningar du skal fylle inn. Det er derimot foreldre/føresette som skal skrive under på skjemaet.
Saksbehandlingstid for madrass- og puteovertrekk og svar på søknad
Saksbehandlingstida hos Helfo for søknad om madrass- og puteovertrekk er inntil åtte veker.
Helfo sender deg vedtak som gjeld saka di til innboksen din på Helsenorge (eller i di digitale postkasse, om du heller bruker Digipost eller e-Boks). Om du ikkje bruker digitale løysninger, sender vi post til den folkeregistrerte adressa di.
Fullmakt ved Helfo-henvendelser
Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.
Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.
Ettersending av dokumentasjon
Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du frem på følgende måte når du har logget deg inn i Altinn:
- Velg «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» fra rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
- Under «Tilleggsopplysninger» velger du «Etterspurt dokumentasjon».
- Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterende sak. Da kan vi behandle saken din raskere. Referansenummeret kan for eksempel se slik ut: «22/0000».