Kosttilskot for barn

Nye råd om D-vitamintilskot og tran til spedbarn: Barn som blir amma, bør få D-vitamindropar. Barn som får morsmjølkerstatning, treng ikkje tilskot. Tran er ikkje tilrådd det første leveåret.

Baby som spiser mat

Helsedirektoratet har endra råd om D-vitamintilskot og tran til spedbarn (0–12 månader) i samråd med Nasjonalt råd for ernæring.

  • Barn som får morsmjølkerstatning, treng ikkje tilskot av vitamin, mineral eller feittsyrer, og bør ikkje få nokon former for tilskot. Årsaka er at morsmjølkerstatning no inneheld meir av både D-vitamin og omega-3-feittsyra DHA enn tidlegare, i tråd med nytt regelverk. Dersom barnet får 6–7,5 dl morsmjølkerstatning, får det i seg nok av både D-vitamin og DHA.
  • Barn som blir amma, treng tilskot av D-vitamin og bør få D-vitamindropar frå dei er ca. 1 veke gamle.
  • Barn som blir delamma, bør òg få tilskot av D-vitamin i form av D-vitamindropar, men mengda kan reduserast avhengig av kor mykje morsmjølkerstatning barnet får.

Tran er ikkje tilrådd det første leveåret

  • For barn som blir amma, gir tran litt for lite D-vitamin og samtidig unødvendig mykje av omega-3-fettsyra DHA. Morsmjølk inneheld det barnet treng av denne feittsyra. Innhaldet i morsmjølk blir påverka av kva mor et.
  • For barn som får morsmjølkerstatning, blir det for mykje med D-vitamin frå både morsmjølkerstatning og tran / andre tilskot. Også barnemat som ferdiggraut inneheld D-vitamin. Morsmjølkerstatning inneheld det barnet treng av feittsyra DHA.

Både for lite og for mykje D-vitamin er uheldig

  • Målet er at spedbarn på 0–12 månader skal få totalt ca. 10 mikrogram (µg) D-vitamin per dag.
  • Spedbarn på 0–6 månader bør ikkje få meir enn 25 mikrogram per dag over tid.
  • Spedbarn på 6–12 månader bør ikkje få meir enn 35 mikrogram per dag over tid.
  • Om barnet har hatt høgare inntak i ein kortare periode, er det ingen grunn til å engste seg for det.

Råd ved plantebasert kosthald

Dersom mor som ammar, har eit heilt eller hovudsakleg plantebasert kosthald, bør ho ta eit tilskot som inneheld D-vitamin, vitamin B12 og jod samt DHA i form av vegetabilsk omega-3 (frå algeolje). Dersom mor gjer det, kan barnet som blir amma få eit tilskot som inneheld D-vitamin og vitamin B12.

 

Content provided by The Norwegian Directorate of Health

Last updated Friday, September 18, 2020