Omgangssjuke forårsaka av norovirus

Vinteren er høgsesong for omgangssjuke på grunn av norovirusinfeksjonar. Norovirus er svært smittsamt. Dei viktigaste førebyggjande tiltaka er grundig handvask med såpe og vatn og god kjøkkenhygiene.

Gutt er sengeliggende med omgangssyke

Samandrag

Norovirus er den vanlegaste årsaken til omgangssjuke eller smittsam mage- og tarmsjukdom. Viruset er ansvarleg for minst 50 prosent av alle utbrot med mage- og tarminfeksjon på verdsbasis.

Utbrot av norovirus inntreff gjerne om vinteren i Noreg. Personar i alle aldersgrupper kan bli smitta og sjuke.

Rotavirussjukdom er også ein mage- tarminfeksjon som gjev oppkast, diaré og ofte feber hos sped- og småbarn.

Symptom og smitte ved norovirus

Sjukdommen er vanlegvis mild og går over av seg sjølv etter ein til tre dagar hos elles friske personar.

Det tek 12–48 timer frå ein blir smitta til ein blir sjuk. Symptoma er 

  • akutt kvalme 
  • oppkast 
  • magesmerter 
  • diaré

I tillegg får mange influensaliknande symptom som

  • feber
  • muskel- og leddverk
  • hovudpine

Ein smitta person er mest smittsam medan han/ho har symptom med oppkast og diaré, men kan òg vere smitteførande etter at symptoma gir seg. Etter 48 timer skil dei fleste ut mindre smittestoff.

Behandling ved norovirus

Hos de aller fleste vil infeksjonen gå over av seg sjølv i løpet av et par dagar. Det er normalt ikkje behov for å oppsøke lege ved norovirusinfeksjon.

Det finnes ingen behandling mot omgangssjuke, men man kan lindre symptom og førebygge komplikasjoner.

Kva kan du gjere sjølv?

Det viktigaste er å forhindre uttørring. Det er derfor viktig å få i seg rikeleg med drikke for å erstatte væsketapet ved diaré og oppkast, gjerne i små mengder av gangen. Drikker med høgt sukkerinnhold bør unngåast.

Man kan også kjøpe ulike elektrolyttløysingar på apotek som kan bidra til å erstatte salt, sukker og væsketap.

Når bør lege kontaktast?

Lege bør kontaktast om man opplever nedsett allmenntilstand eller langvarig diaré og oppkast. Om et barn er sjukt må du også vurdere barnets alder.

Jo yngre barna er, desto mindre skal det til for at du bør kontakte lege.

Råd for å førebyggje smitte med norovirus

Dei viktigaste førebyggjande tiltaka mot norovirusinfeksjon er god hand- og kjøkkenhygiene. Med god handhygiene meiner ein grundig handvask med såpe og rennande vatn.

Alkoholbasert handdesinfeksjon er mindre effektivt mot norovirus.

For reingjering av overflater som er tilsølte med oppkast eller avføring, bør ein tørke av overflatene med det same, gjerne med hushaldspapir. Deretter gjer ein rein flata på vanleg måte med reingjeringsmiddel og vatn.

Av vanlege rengjeringsmiddel i heimen kan klorin brukast. Følg brukskonsentrasjonen som står på flaska (1 dl klorin i 5 liter vatn). Ta omsyn til om overflata toler klor. Alle berøringspunkt (toalett, dørhandtak, vask) kan tørkast over med tilsvarande blanding.

Når kan ein vende tilbake til jobb, skule eller barnehage?

Vanlegvis kan ein vende tilbake til jobb og skule når ein kjenner seg frisk. Fordi ein kan skilje ut smittestoff også etter at symptoma gir seg, er det ekstra viktig med god handhygiene i dei første dagane etter at ein har blitt frisk.

Personar som handterer og serverer mat (for eksempel i storkjøkken eller kantine, i barnehage eller institusjonar), skal ikkje vende tilbake til arbeidet før 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg.

Helsepersonell som har direkte kontakt med eller serverer mat til pasientar som er særleg utsett for infeksjonssjukdommar og konsekvensar av slik sjukdom (for eksempel premature barn, pasientar ved intensivavdeling o.l.) skal heller ikkje vende tilbake til arbeidet før 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg.

Barn i barnehage bør på same måte halde seg heime ved symptom og ikkje sendast til barnehagen igjen før det har gått 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg.

Content provided by Norwegian Institute of Public Health

Last updated Tuesday, December 13, 2022