Fastlegen 

Fastlegen din kan undersøkje om du ser normalt eller ikkje og hjelpe deg viss du opplever andre synsproblem. Fastlegen viser deg til augelege om du har behov for det. 

Optikar 

Optikarar undersøkjer synet og kan hjelpe deg til å sjå betre med briller og kontaktlinser. Mange optikarar jobbar med andre augeplager òg, som tørre auge, filterbriller og synstrening. Optikaren viser deg til augelege ved behov. 

Augelege 

Augelegen diagnostiserer og behandlar augesjukdom og augeskadar. Normalt treng ein ei tilvising for å komme til augelege, frå lege eller optikar.

Innhaldet er levert av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Kven behandlar synet ditt?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Friday, February 23, 2024 [henta Wednesday, October 8, 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/syn/hvem-behandler-syn/

Sist oppdatert Friday, February 23, 2024