Kiropraktorar kan
- utføre undersøking og behandling med refusjon, utan tilvising frå lege
- vise pasientar vidare til legespesialist, røntgen eller fysioterapeut
- sjukmelde pasientane sine i opptil tolv veker
Betaling hos kiropraktor
Helfo utbetaler stønad etter fastsette takster, mens kiropraktoren har fri prissetting. Stønaden frå Helfo utgjer berre ein liten del av dei totale kostnadane for deg som er pasient.
Helfo gir ein stønad på 176 kroner for førstegongs undersøking, deretter 81 kroner for kvar av dei andre behandlingane du har krav på refusjon for. Desse skal automatisk trekkast frå rekninga du får frå kiropraktoren. Helfo gir stønad til behandling av muskel- eller skjelettplager hos kiropraktor.
Utgiftene til behandling hos kiropraktor gjev ikkje rett til frikort for helsetenester.
Betaling for behandling i utlandet
Dersom du vil til få utført undersøking eller behandling hos kiropraktor i EU/EØS-området, kan du ha rett til å få refundert noen av utgiftene dine.
Utgreiing hos kiropraktor
Når du kjem til ein kiropraktor fortel du med eigne ord kva problemet er. Då vil kiropraktoren stille nokre spørsmål for å finne ut korleis symptoma heng saman og kva årsaken til problema kan vere.
Kiropraktoren kan også spørje deg om eventuelle
- sjukdommar og skader du har hatt før
- medisinar du tek
- belastningar i heimen og på arbeidsplassen din
Kiropraktoren vil sjekke kor godt du kan bevege ledd og musklar, og om nervesystemet fungerer som det skal. I tillegg vil kiropraktoren leite etter smertekjelder i kroppen din og sjekke om nokre av ledda dine har låst seg.
Behandling hos kiropraktor
Kiropraktorar er ofte forbundne med leddmanipulasjonsbehandling, men kiropraktorar nyttar varierte behandlingsmetodar som
- behandling av blautvev
- heimeøvingar
- trykkbølge
- behandling med nål
Det finnes fleire oversiktsstudiar som peikar på ein klinisk effekt av manipulasjon av mellom anna
- ryggsmerter
- nakkesmerter
- hovudpine
- astma
- svimmelheit
- sengevæting
- kolikk hos spedborn
Derimot manglar det framleis studiar som syner at denne behandling er betre enn andre manuelle behandlingsformer. I tillegg er fleire studiar utført på små grupper, og det er vanskelig å trekke generelle konklusjonar av resultata.
Norske forskingsinstitusjonar og europeiske forskingsgrupper har publisert retningsliner på behandling av fleire av diagnosane der behandlinga ser ut til å ha en viss klinisk effekt.
Tilvising til kiropraktor
Du treng ikkje tilvising (henvisning) frå lege for å få behandling hos kiropraktor og deretter rett til stønad frå Helfo.
Kiropraktoren kan vise deg vidare til legespesialist, røntgen og fysioterapeut.
Kiropraktoren kan òg gi sjukemelding i ein periode på inntil 12 veker.
Utdanning og krav til kiropraktorar
Kiropraktikk er praktisert i Noreg sidan 1922, og er per i dag ein del av primærhelsetenesta. Kiropraktorutdanninga er ikkje tilgjengeleg i Noreg, men er i nokon land ei femårig universitetsutdanning på mastergradsnivå, etterfølgt av eitt år obligatorisk turnusteneste hos ein godkjent kiropraktor.
Kiropraktorar er som anna helsepersonell i Noreg bunde av kravet om at arbeidet deira er fagleg forsvarleg, slik det er omtala i helsepersonelloven og kiropraktorforskrifta.
I Noreg må ein vere autorisert av Helsedirektoratet for å kunne kalle seg kiropraktor.