Heteslag og råd ved hetebølgjer

Unngå å bli for varm og dehydrert. Eldre og sjuke er særleg utsette ved hetebølgjer. Dei er meir utsette for skadar og i verste fall død.

Termometer som viser høy temperatur

Symptom

Teikn og symptom på oppheting og dehydrering er:

  • slappheit
  • fall og auka tendens til å falle
  • at du et og drikk mindre enn vanleg
  • akutt forvirring

Dersom dette skjer, bør du eller nokon rundt deg ringje 113, ta kontakt med legevakt, lege, kommunale omsorgstenester eller anna helsepersonell. Dei kan vurdere om det er nødvendig med sjukehusinnlegging.

Kva er ei hetebølgje?

Norsk hetebølgje er definert som ein periode på fem eller fleire samanhengande dagar der makstemperaturen er 27 grader eller høgare.

Råd for å unngå oppheting og dehydrering

Dei viktigaste råda for å takle hetebølgje er:

  • drikk rikeleg
  • bruk lette, luftige og lyse klede
  • dusj eller bad i kjølig vatn, eventuelt legg våte handklede på huda
  • opphald deg i kjølige rom
  • reduser fysisk aktivitet

Desse er spesielt utsette

Enkelte grupper er særleg utsette for skade og død ved hetebølgjer. Det gjeld:

  • eldre som er skrøpelege
  • personar med demens
  • personar med alvorlege kroniske sjukdomar, til dømes hjarte- og karsjukdomar
  • personar som bur under dårlege sosiale forhold. Dette kan vere personar som bur åleine i byar og i høge etasjar i blokker der det er lite avkjøling og høve til å gå ut til kjøligare stader.

Ver merksam på personar med auka risiko

Dersom du kjenner nokon som er i faresona for oppheting og dehydrering, kan du besøke eller ringje dei ofte, for å sjekke at det går bra med dei. Familie, naboar, vener og omsorgstenester kan vere spesielt merksame.

Helse- og omsorgstenestene kan evakuere utsette personar for å syte for grunnleggjande behov, som riktig temperatur i omgjevnadene, mat og drikke og omsorg. Medisinsk behandling blir då gjeven av lege- eller helsepersonell med riktig kompetanse.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet. Heteslag og råd ved hetebølgjer . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 24. juni 2022 [henta laurdag 7. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/forstehjelp/behandling-av-skader/heteslag-og-rad-ved-hetebolger/

Sist oppdatert fredag 24. juni 2022