Jodtabletter ved atomulykker

Dersom det skjer ei atomulykke, rår styresmaktene personar under 18 år, gravide og ammande til å ta jodtablettar. Statens strålevern vil då gi beskjed. Ikkje ta jodtablettar utan at styresmaktene har oppmoda til det.

Bilde av jodtablettene Jodix

Ved ei atomulykke kan radioaktiv jod bli spreidd via lufta og teken opp i skjoldbruskkjertelen når du pustar inn ureina luft eller får i deg ureina mat og/eller drikke. Tilskot av naturleg jod blokkerer opptaket av radioaktiv jod i skjoldbruskkjertelen og reduserer dermed risikoen for å utvikle kreft i skjoldbruskkjertelen.

I denne artikkelen har vi samla dei mest stilte spørsmåla om bruk av jodtablettar ved ei atomulykke.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Jodtabletter ved atomulykker. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 4. mars 2022 [henta laurdag 27. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/forstehjelp/jodtabletter-ved-atomulykker/

Sist oppdatert fredag 4. mars 2022