Solkrem

Solkrem kan gi irritasjonssymptom ved søl i auga. Å få i seg ein liten smak av solkrem er som regel lite farleg.

Forskjellige solkremprodukter med badesandaler og hatt.

Solkrem er ubehageleg å få på auget, men ved å skylje auget med vatn vil dei fleste kunne sjå an slike uhell heime.

Solkrem

Solkremar kan kome i ulike variantar og med noko variasjon i innhald. Felles for solkremane er at ein smak er lite farleg.

Ved svelging av meir enn 2–3 teskeier skal du kontakte Giftinformasjonen for vurdering.  

Symptom etter svelging av solkrem

  • Kvalme
  • Oppkast
  • Diaré

Ved søl av solkrem i auge

Solkremar kan vere tjuktflytande og vanskelege å skylje bort frå auga. Det er difor lurt å skylje auge godt.

  • Fjern eventuelle kontaktlinser
  • Skyl auga under rennande, lunka vatn i 5-15 minutt

Ved symptom som varer lenger enn eit par timar etter skyljing skal du kontakte lege for undersøking.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Solkrem. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 18. januar 2024 [henta onsdag 24. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/kroppspleieprodukter/solkrem/

Sist oppdatert torsdag 18. januar 2024