Ibuprofen er giftig for hund og katt

Ibuprofen kan gi alvorleg forgifting om hunden eller katten din et det. Kontakt veterinær dersom du trur at dyret ditt har fått i seg ibuprofen.

Katt og hånd med tabletter

Giftinformasjonen svarer ikkje på førespurnader om forgifting hos dyr.​​ Du må derfor kontakte veterinær for råd og rettleiing ved inntak av ibuprofen. 

Teikn på forgifting med ibuprofen 

Ikkje vent på at dyret viser teikn på forgifting før du tek kontakt med veterinær. Tidleg behandling er avgjerande for å forhindre livstruande skadar. 

Kliniske teikn på forgifting kjem vanlegvis innan 2 til 6 timar. Dette kan vise seg som: 

  • kvalme 
  • oppkast 
  • diaré 

Ved alvorleg forgifting kan dyret utvikle nyresvikt. 

Giftige mengder 

Hundar kan få kliniske teikn på forgifting etter inntak over 25 mg ibuprofen per kg kroppsvekt. 

Kattar er spesielt sensitive for ibuprofen fordi dei har nedsett evne til å skilje det ut frå kroppen. Dei kan få kliniske teikn på forgifting etter inntak over 10 mg ibuprofen per kg kroppsvekt. 

Kontakt veterinær viss du trur katten eller hunden din har ete giftig mengde ibuprofen. Giftinformasjonen svarer ikkje på førespurnader om forgifting hos dyr.​​ 

Behandling når hunden eller katten har ete ibuprofen 

Behandling når hunden eller katten har ete ibuprofen 

Har hunden eller katten ete ibuprofen kan det vere nødvendig med behandling hos veterinær. Ulike behandlingar​ kan vere aktuelt, til dømes: 

  • brekkmiddel (IKKJE SALT!) 
  • medisinsk kull (gjenteken dosering) 
  • væskebehandling 
  • mage-tarm beskyttande medisinar 

Kontakt din veterinær ved forgiftninger hos dyr

Giftinformasjonen svarer ikke på henvendelser om forgiftning hos dyr.​​

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Ibuprofen er giftig for hund og katt . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 12. juni 2024 [henta torsdag 24. oktober 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/hund-og-katt/ibuprofen-er-giftig-for-hund-og-katt/

Sist oppdatert onsdag 12. juni 2024