Macadamianøtter kan gi forgifting hos hund

Hundar som et macadamianøtter, kan oppleve ubehag. Kontakt veterinær dersom du har spørsmål når hunden din har ete macadamianøtter.

Macadamianøtter uten skall

Macadamianøtter kan føra til ubehag hos hundar. Kontakt veterinær ved bruk for vidare råd og rettleiing.

Giftinformasjonen svarer ikkje på spørsmål om forgifting hos dyr frå ålmenta.​​ Du må difor kontakte veterinær for råd og rettleiing ved inntak av macadamianøtter.

Teikn på forgifting med macadamianøtter

Kliniske teikn på forgifting kjem vanlegvis innan 1–6 timar etter at hunden har ete nøttene. Hundar som et macadamianøtter, kan få:​

  • ​oppkast
  • Feber
  • Veikskap

Giftige mengder

​Hundar som har ete over 2 g macadamianøtter per kg kroppsvekt, kan få kliniske teikn på forgifting. Dette svarer til ca. 1 macadamianøtt per kg kroppsvekt.

Behandling når hunden har ete macadamianøtter

​I dei fleste høva treng ikkje hundar som har ete macadamianøtter, veterinærhjelp. Hunden blir oftast i fin form igjen etter 24–48 timar utan behandling. Har hunden din andre sjukdommar eller er svært gammal/ung, skal du ta kontakt med veterinær for råd.