Aceton

Aceton finst mellom anna i enkelte naglelakkfjernarar, naglelakk, måling, lakk og lim. Ein liten slurk av rein aceton er som regel lite farleg, men større mengder kan gi ei forgifting der ein blir sløv og får pusteproblem.

Aceton finst i mange ulike produkt og kan gi forgifting dersom ein svelger meir enn ein smak.

Illustrasjon: Jian Fan / Mostphotos

Aceton verkar irriterande på slimhinner, auge og hud. I tillegg kan det påverke kroppen dersom ein svelger det eller pustar det inn lenge eller ved høge luftkonsentrasjonar.

​​Svelging av ein liten slurk er lite farleg, også for barn. Men du bør følge med på om det kjem symptom.

Symptom

Ved svelging​ 

  • svie i munn og svelg
  • kvalme og oppkast
  • svimmelheit
  • hovudverk
  • sløvheit

Ved sprut i auget

  • svie
  • raudheit

Ved søl på huda​

  • tørr hud
  • irritasjon

Ved innanding 

  • svie i auge, nase, munn og svelg
  • hoste
  • svimmelheit
  • hovudverk
  • uvelheit

Ved svært høge konsentrasjonar i lufta kan ein bli sløv.

Førstehj​elp​​​

Ved svelging​

  • gi drikke 
  • ved svelging utover ein liten smak, kontakt Giftinformasjonen for råd (22 59 13 00)
  • ved nedsett bevisstheit (sløvheit), kontakt 113

Ved sprut i auget

  • fjern kontaktlinser
  • skyl straks med rennande, lunka vatn i 2–5 minutt
  • kontakt lege ved kraftige eller vedvarande symptom

Ved søl på huda​

  • fjern tilsølte klede
  • skyl og vask grundig med såpe og vatn

Ved innanding

  • frisk luft og kvile (ikkje anstrenge seg)
  • ved teikn til sløvheit, kontakt lege snarast

Kontakt eventuelt Giftinformasjonen om råd, 22 59 13 00.