Glyserol/glyserin

Glyserol er lite farleg om du svelger nokre slurkar. Glyserol verkar lett irriterande på slimhinner og kan føre til forbigåande magesmerter, diaré, kvalme og oppkast. Ved sprut i augene kan glyserol gi mild irritasjon.

Kvinne i medisinsk hvit frakk som strekker seg etter en medisinflaske med glyserol fra en vegghylle

Illustrasjonsbilete av glyserol

Behandling

Ved svelging​​

  • Gi drikke

Ved inntak av meir enn eit par slurkar bør du kon​​​​takte Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd.

Ved s​prut i auget

  • Skyl med lunka, rennande vatn
  • Kontakt lege ved kraftige eller vedvarande symptom

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Glyserol/glyserin. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 5. januar 2021 [henta tysdag 23. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/husholdningskjemikalier/glyserol-glyserin/

Sist oppdatert tysdag 5. januar 2021