Adonis er ein giftig plante

Adonis har fleire artar som er giftige. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har smakt på ein adonis-plante.

Våradonis

Våradonis (Adonis vernalis) har gule blomstrar med spisse, avlange kronblad

Giftige adonis-artar

Adonis-artar (Adonis spp.) som er giftige, er: 

  • haustadonis (Adonis annuum/autunalis) 
  • sommaradonis (Adonis aestivalis) 
  • våradonis (Adonis vernalis) 
  • vinteradonis (Adonis amurensis) 

Symptom ved forgiftning med adonis

Heile planten inneheld giftstoff som kan gi effektar på hjartet. Det er likevel usikkert kor giftig plantane er. 

Førstehjelp ved svelging av adonis

  • Fjern planterestar frå munnen. 
  • Gi litt drikke. 
  • Kontakt Giftinformasjonen. 

Skildring av adonis-artar

Adonis-artar er hageplantar. Blant desse finn du våradonis (Adonis vernalis), sommaradonis (Adonis aestivalis) og haustadonis (Adonis annuum). Adonis-artar blir 15–35 cm høge.

Våradonis Gule blader og gul kjerne

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Adonis er ein giftig plante. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 20. desember 2022 [henta torsdag 20. juni 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/adonis-arter/

Sist oppdatert tysdag 20. desember 2022