Alpefiol har irriterande plantesaft

Alpefiol (Cyclamen spp.) inneheld irriterande sambindingar, mest av desse finst i rotstokken. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete større mengder alpefiol eller delar av rota.

Alpefiol med rosa blomster på lange stilker og grønne blader

Symptom ved forgifting med alpefiol

Dersom barnet ditt har smakt alpefiol, kan desse symptoma oppstå: 

  • vondt i magen 
  • kvalme 
  • oppkast 
  • diaré 

Førstehjelp ved forgifting med alpefiol 

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen. 
  • Gi litt å drikke. 
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete større mengder alpefiol eller delar av rota. 

Skildring av alpefiol

Alpefiol (Cyclamen spp.) er ei planteslekt med fleire artar. Vanleg alpefiol (C. persicum), også kjend som stovecyclamen, er ein stoveplante med blomstrar lange stilkar. Blomstrane finst i mange fargenyansar, blant anna kvite, rosa og raude. 

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Alpefiol har irriterande plantesaft. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 8. februar 2024 [henta måndag 22. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/alpefiol/

Sist oppdatert torsdag 8. februar 2024