Azalea er ei giftig plante

Azalea (Rhododendron x) er ei giftig stueplante. Kontakt Giftinformasjonen for råd om vidare oppfølging dersom barnet ditt har smakt på meir enn eitt eller to blad frå asalea.

Små, mørke blader og rosa blomster.

​Azalea er ei giftig plante.

Symptom ved forgifting med azalea

  • magesmerter
  • kvalme
  • oppkast
  • diaré

Ved større inntak kan azalea gi andre symptom i tillegg.

Førstehjelp ved forgifting med azalea

  • Fjern eventuelle planterestar frå munn.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt kan ha smakt på meir enn to blad fra azalea.
  • Kontakt alltid Giftinformasjonen dersom uhellet gjeld eit barn med hjartesjukdom.

Skildring av azalea

​Azalea er planter tilhøyrande i rhododendronslekta. Planta har små mørkegrøne blad, med blomar i mange forskjellige fargar.

Små mørkegrønne blader og hvite blomster.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Azalea er ei giftig plante. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert søndag 21. januar 2024 [henta laurdag 7. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/azalea/

Sist oppdatert søndag 21. januar 2024