Scilla (russeblåstjerne)
Scilla (russeblåstjerne) blir rekna for å vere lite farleg å smake på, men kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har symptom, har hjartessjukdom eller har ete fleire løk eller større mengder med plantemateriale.

Russeblåstjerne har smale blad og opprett stengel, ofte med blå blomar.
Illustrasjon: Giftinformasjonen
- Symptom ved forgifting med russeblåstjerne
- Førstehjelp ved forgifting med russeblåstjerne
- Skildring av russeblåstjerne
Russeblåstjerne har smale blad, med lyseblå blomar med tynne kronblad.
Symptom ved forgifting med russeblåstjerne
- Magesmerter
- Kvalme
- Oppkast og/eller diaré
Ved større inntak kan det oppstå andre effektar.
Førstehjelp ved forgifting med russeblåstjerne
- Fjern planterestar frå munnen og gi litt å drikke.
- Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd dersom barnet har symptom, hjartesjukdom eller har ete fleire løk eller større mengder med plantemateriale.
Skildring av russeblåstjerne
Russeblåstjerne er fleirårige, små løkplanter og er vanlege prydplanter i hagar, men dei forvillar seg lett i naturen.
Russeblåstjerne har smale blad og opprett stengel, ofte med blå blomar. Plantene blømer vanlegvis om våren.