Blåveis
Blåveis (Hepatica nobilis) er ei plante med mildt irriterande plantesaft. Ein liten smak gir vanlegvis ikkje symptom. Ta kontakt med Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete store mengder blåveis.

Blåveis er ei plante med mildt irriterande plantesaft, og ein liten smak gir vanlegvis ingen symptom.
Illustrasjon: Geir Magne Bakken
- Symptom ved uhell med blåveis
- Førstehjelp ved uhell med blåveis
- Skildring av blåveis
Symptom ved uhell med blåveis
Ein liten smak gir vanlegvis ikkje symptom.
Dersom barnet ditt har ete ei litt større mengd blåveis kan ho/han få desse symptoma:
- vondt i magen
- kvalme
- oppkast og/eller diaré
Førstehjelp ved uhell med blåveis
- Fjern planterestar frå munnen og gi litt å drikke.
- Ta kontakt med Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete større mengder blåveisblomar.
Skildring av blåveis
Blåveis er ein viltveksande, liten vårblome. Planta veks gjerne på kalkhaldig jord. Blåveis inneheld små mengder av ein flyktig olje med brennande smak.