Blokkebær er ikkje giftig
Blokkebær (Vaccinium uliginosum) blir òg kalla mikkelsbær eller skinntryte. Blokkebær kan forvekslast med blåbær, og det er ikkje farleg.

Blokkebær kan forvekslast med blåbær, og det er ikkje farleg.
Illustrasjon: Kattarina Hjern / Mostphotos
- Beskriving av blokkebær
- Symptom etter inntak av blokkebær
Beskriving av blokkebær
Blokkebær er ein liten lauvfellande busk med blåsvarte bær som liknar på blåbær. Bæra er derimot lysare enn blåbær, meir avlange og har kvitt fruktkjøt. Dei er dessutan dekte av ei tynn vokshinne.
Blada er blågrøne og runde i spissane. Blada har heil kant i motsetnad til blåbær, som har sagtakka blad.
Symptom etter inntak av blokkebær
Vi forventar ikkje symptom etter å ha ete blokkebær.