Er det farleg å drikke blomevatn?

Giftinformasjonen har ikkje erfaring med at blomevatn gir forgifting. Dersom det er planterestar i vatnet, eller det er blomevatn frå ei svært giftig plante, kontakt likevel Giftinformasjonen for vurdering.

Snittblomster i vann på et trebord

  • Ein smak av blomevatn kan som regel sjåst an heime. Dette gjeld også barn.
  • Blomevatn som har stått nokre dagar kan innehalde bakteriar som kan gi mageproblem. Kontakt lege dersom ubehaget varer ved.
  • Blomevatn med tilsetning av plantenæring er lite giftig. Tiltak er ikke nødvendig etter ein liten slurk.
  • Dersom blomevatnet inneheld noko anna, kontakt Giftinformasjonen for råd.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Sist oppdatert tysdag 6. desember 2022