Buksbom er ei giftig plante
Buksbom (Buxus sempervirens) er ei giftig plante. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete meir enn nokre få blad.

Buksbom er ei grøn plante som ofte blir brukt i hekk.
Illustrasjon: Mostphotos.com
- Symptom ved forgifting med buksbom
- Førstehjelp ved forgifting med buksbom
- Beskriving av buksbom
Heile planta inneheld giftstoff, men alvorleg forgifting hos menneske førekjem sjeldan.
Symptom ved forgifting med buksbom
- Magesmerter, kvalme, oppkast og/eller diaré
- Gifta i buksbom kan òg gi andre symptom dersom barnet et mykje av planta.
Førstehjelp ved forgifting med buksbom
- Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
- Gi litt drikke.
- Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete meir enn nokre få blad av buksbom.
Beskriving av buksbom
Buksbom er ein prydbusk som kan bli 2–3 meter høg, men finst òg som potteplante. Buksbom er ei eviggrøn plante som ofte blir brukt til hekk, og som gjerne blir figurklipt i fantasifulle former.