Crassula

Crassulaplanter er sukkulentar som omfattar mange ulike artar med varierande utsjånad. Felles for slekta er at dei er ufarlege å smake på. Inntak av stort plantemateriale kan likevel føre til diaré.

Mørkegrønn sukkulent med tjukke blader.

Førstehjelp ved uhell med crassula

  • Fjern planterestar frå munnen
  • Gi litt drikke
  • Om du får plantesaft på huda bør du skylje med vatn
  • Om du får sprut i augene bør du skylje auget med lunka vatn i nokre minutt

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Crassula. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 12. januar 2023 [henta onsdag 29. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/crassula/

Sist oppdatert torsdag 12. januar 2023