Symptom etter uhell med dieffenbachia
Ved svelging
- Svie eller irritasjon i munn og svelg
- Blemmer i munnen
- Hevelse i lepper, tunge eller svelg
- Magesmerter
- Kvalme, oppkast eller diaré
Dei fleste får milde symptom. Sterk hevelse i tunge eller svelg er sjeldan, men kan førekomme.
Ved sprut eller søl i auge
- Svie
- Raudne
- Tåreflod
- Smerter
Symptoma går vanlegvis over etter skylling, men kan vare i fleire dagar.
Førstehjelp etter uhell med dieffenbachia
Ved svelging
- Fjern eventuelle plantarrestar frå munnen.
- Gi litt å drikke.
- Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet har smakt på dieffenbachia.
- Kontakt lege straks dersom det utviklar seg hevelse i tunge eller svelg.
Ved sprut eller søl i auge
- Skyl auget straks med lunka, rennande vatn i 5 til 15 minutt.
- Fjern eventuelle kontaktlinser.
- Kontakt lege dersom symptoma varer ved.
Skildring av dieffenbachia
Dieffenbachia er populære stueplantar som også blir kalla prikkblad eller bitterblad. Plantane har store, grøne blad med lyse mønster i kvitt, gult eller lysegrønt.
Dieffenbachia inneheld blant anna nålforma krystallar av kalsiumoksalat som kan gi kraftig lokal irritasjon dersom ein tygg på planta eller får plantesaft i auge eller på slimhinner. Det er denne lokale irritasjonen som forklarer dei fleste symptoma etter uhell med planta.
Dei fleste barn som smakar på dieffenbachia får berre lette og forbigåande symptom fordi irritasjonen gjer at ein sjeldan får i seg større mengder.

Illustrasjon: Mostphotos
