Eføy har irriterande plantesaft

Eføy (Hedera helix) er ei giftig plante med sterkt irriterande plantesaft. Ta kontakt med Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete fleire enn fem bær eller meir enn eitt blad frå eføy.

Tretaggede grønne blader på mørke kvister

Illustrasjon: Arrlxx / Mostphotos

Symptom ved forgifting med eføy

  • Sviande kjensle i munnen, auka spyttproduksjon.
  • Kvalme, oppkast og diaré​.

Førstehjelp ved forgifting med eføy

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete meir enn fem bær eller meir enn eitt blad frå eføy.

Beskriving av eføy

Eføy er ei plante som finst innandørs som stoveplante, og utandørs som buskar eller lianar. Planta kan bli opptil 20 meter lang med tjukke, vintergrøne blad​. Eføy kan klatre på tre, bergveggar, hus, murar eller krype langs bakken.

Blada er vanlegvis 3–5 flikete, blanke og lêraktige, men når det er tid for bløming dannar han eggerunde/rombeforma blad. Blomane er gulgrøne med fem støvberarar. Bæra blir blåsvarte og mogne om våren.

Eføy med tykke, vintergrønne blader og bær

Illustrasjon: Giftinformasjonen