Forglemmegei

Forglemmegei (Myosotis) er ei planteslekt i rubladfamilien. Felles for forglemmegeislekta er at alle er lite farlege å smake på.

Blomst med blå kronblad, gul eller hvit i midten og med hårete stengel

Symptom ved forgifting med forglemmegei

​Forglemmegei er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Førstehjelp ved uhell med forglemmegei

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av forglemmegei

​Nokre av artane i forglemmegei-slekta er eittårige, andre toårige og nokre er fleirårige. Dei har små blomar som vanlegvis er blåfarga med små, gule skjelblad i røropninga. Eit viktig skiljemerke mellom artane er håra på begeret.

små blå eller lilla blomster med små, gule skjell i røråpningen

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Forglemmegei. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 19. april 2024 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/forglemmegei/

Sist oppdatert fredag 19. april 2024