Geitrams

Geitrams (Chamaenerion angustifolium) er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Grøn eng med lilla geitramsblomar

Illustrasjonsbilete av geitrams (Chamerion angustifolium).

Førstehjelp ved uhell med geitrams

​Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen

Skildring av geitrams

​Geitrams er ei vanleg viltveksande plante som ofte blir 50–200 cm høg. Stengelen er ugreina og har tett med blad. Blomane er vanlegvis rosa, men det finst også bleikrosa og kvite. Kapselen er dunhåra.

Eng med geitrams i lysrosa farge

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Geitrams. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 5. mai 2021 [henta fredag 26. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/geitrams/

Sist oppdatert onsdag 5. mai 2021