Geitved er ei plante med irriterande plantesaft

Geitved (Rhamnus cathartica) er ei plante med sterkt irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete meir enn to bær frå geitved.

Lysegrå greiner med sorte bær i klynger.

Geitved inneheld irriterande plantesaft, og kan gje symptom frå magen ved inntak.

Bær, bark og blad frå geitved inneheld sterkt irriterande plantesaft.

Symptom ved forgiftning med geitved

  • Svie i munn og svelg
  • Magesmerter
  • Kvalme
  • Oppkast og/eller diaré

Førstehjelp ved forgiftning med geitved

  • Fjern eventuelle planterestar frå munn
  • Gi litt drikke
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete meir enn to bær frå geitved

Skildring av geitved

Geitved er busker eller små trær som kan bli opptil 8 meter høge. Greinene er lysegrå, delvis motsette og har ei torn ytterst. Blomane er små, 4-tallige, gulgrøne på farge og 4 mm breie. Geitved får steinfrukt (bær) på 6–8 mm. Bæra er fyrst grøne, seinare svarte med grønt fruktkjøtt.​

Lysegrå greiner med sorte bær i klynger.