Gerbera
Gerbera er ei planteslekt i korgplantefamilien. Felles for heile gerberaslekta er at alle er lite farlege å smake på.

Gerbera er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Illustrasjon: Ulrika Palmér / Mostphotos
- Symptom ved forgiftning med gerbera
- Førstehjelp ved uhell med gerbera
- Skildring av gerbera
Symptom ved forgiftning med gerbera
Gerbera er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med gerbera
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av gerbera
Planteslekta omfattar rundt 50 artar, og blir i Noreg dyrka i veksthus til snittblomar og som potteplante. Fargane på gerbera kan variere, du finn blant anna raude, oransje, gule og rosa blomar i slekta.

Illustrasjon: Mostphotos.com