Grønrenne
Grønrenne (Chlorophytum comosum) er ei plante i aspargesfamilien. Planta er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Illustrasjon: Mostphotos.com
Symptom ved forgiftning med grønrenne
Grønrenne er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med grønrenne
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av grønrenne
Grønrenne er ei fleirårig urt i aspargesfamilien. Ho har lange, bandforma blad og kan ha små, kvite blomar.
Grønrenne kjem opprinneleg frå Sør-Afrika. Kultivarar med kvitstripa blad er vanlege potteplanter.

Illustrasjon: Mostphotos.com