Gullkorg
Gullkorg (Doronicum L.) er ei planteslekt i korgplantefamilien. Felles for gullkorgslekta er at alle er lite farlege å smake på.

Illustrasjon: Mostphotos.com
Symptom ved forgiftning med gullkorg
Gullkorg er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med gullkorg
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av gullkorg
Gullkorg er ei planteslekt i korgplantefamilien med litt under 40 artar fordelt på Europa, Asia og Nord-Afrika. Den er opprinneleg ikkje viltveksande i Noreg, men finst som staudar med gule blomar. Gullkorg blømer vanlegvis i mai–juni.

Illustrasjon: Mostphotos.com