Gullranke er ei plante med mildt irriterande plantesaft

Gullranke (Rhaphidophora aurea) er ei plante som inneheld mildt irriterande plantesaft. Det er ufarleg å få i seg små mengder av planta, men milde og forbigåande symptom frå magen kan førekome.

Gullranke med 5 grøne blad ispedtt kvite flekkar, mot kvit bakgrunn

Gullranke er ei plante med mildt irriterande plantesaft, som kan gi milde og forbigåande symptom frå magen.

Illustrasjon: Chirawan Somsanuk / Mostphotos.com

Symptom ved forgiftning med gullranke

  • Ubehag i munn
  • Kvalme
  • Oppkast/diaré
  • Utslett på hud ved søl med plantesaft

Førstehjelp ved forgiftning med gullranke

  • Det er ufarleg å få i seg små mengder med gullranke, og små inntak kan sjåast an heime
  • Gje litt drikke. Fjern eventuelle planterestar frå munnen
  • Vask og skól hud ved søl av plantesaft
  • Ved større inntak kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd og vidare veileiing