Hestehov

Hestehov (Tussilago farfara) er ei plante i korgplantefamilien. Planta er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Hestehov med gule hårete kronblad

Symptom ved forgiftning med hestehov

Hestehov er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du smakar på ho.

Førstehjelp ved uhell med hestehov

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av hestehov

​Hestehov er ei plante i korgplantefamilien og er ein av dei første vårblomane som dukkar opp.

Hestehov er fleirårig og kan bli 5–20 cm. Stengelen blir utvikla tidleg og er spindelvevhårete med raudbrune stengelblad. Kroner er gullgule. Etter bløming blir det danna nyreforma, langskafta rosettblad som står heile sommaren.

Gule blomster med hårete kronblad og gullgul krone

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Sist oppdatert onsdag 19. mai 2021