Hortensia

Hortensia (Hydrangea macrophylla) er ei plante i hortensiafamilien, og inneheld irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete ei større mengde hortensia.

Hortensia i ei lys lilla farge, blome med avrunda, trekanta blader

Symptom ved forgiftning med hortensia

  • Svie i munn og svelg
  • Magesmerter, kvalme
  • Oppkast, diaré

Førstehjelp ved forgiftning med hortensia

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen
  • Gje litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete større mengde hortensia.

Skildring av hortensia

Hortensia er ei plante i hortensiafamilien. Den er ei buskevekst med heile, motsette blad på skaft. Blomane er regelmessige, 4- eller 5-tallige.

Hortensia dyrkast som både inne- og uteplanter. Den er ei populær prydplante som kjem i nærare 30 ulike variantar.

Tettvokste blomster med trekantede avrundede blader i lys rosa farge