Eldtopp
Eldtopp (Kalanchoe blossfeldiana) er ei plante i bergknappfamilien. Planta er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Illustrasjon: Mostphotos.com
Symptom ved forgiftning med eldtopp
Eldtopp er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med eldtopp
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av eldtopp
Eldtopp er ei fleirårig urt i bergknappfamilien. Den veks seg ganske kompakt, med tjukke, breie blad. Eldtopp finst i variantar med raude, gule og lilla blomar.
Eldtopp kjem opprinneleg frå Madagaskar og er ei populær stoveplante.

Illustrasjon: Mostphotos.com