Giftinformasjonen er tilgjengelig ved behov
22 59 13 00Døgnåpen telefon
Irisartar (Iris sp.) inneheld irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd dersom barnet ditt har ete større mengder av ei irisplante.
Sverdlilje (Iris pseudacorus)
Illustrasjon: Giftinformasjonen
Iris (sverdliljeslekta) er samansett av fleire artar. Sverdlilje (Iris pseudacorus) er einaste viltveksande art i Noreg. Sibiriris, hageiris og dvergiris er innførte prydplanter.
Blada på irisplanter er sverdforma, og blomane kan vere gule, blå, fiolette eller kvite.
Illustrasjon: Giftinformasjonen
Døgnåpen telefon
Innhaldet er levert av Giftinformasjonen
Sist oppdatert onsdag 19. mai 2021