Kantkonvall

Kantkonvall (Polygonatum odoratum) er ei plante med irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom du har ete fleire enn 8–10 bær frå kantkonvall.

Hvite, hengende, klokkeformede blomster med lys grønn kant, hengende på rad

Symptom ved forgiftning med kantkonvall

  • Svie i munn/svelg
  • ​Magesmerter
  • Kvalme
  • Oppkast
  • Diaré

Førstehjelp ved forgiftning med kantkonvall

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen
  • Gje litt drikke
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom du har ete fleire enn 8–10 bær frå kantkonvall.

Skildring av kantkonvall

​Kantkonvall er ei viltvoksande plante som blir 20–40 cm høg. Stilken er tydelig kanta, med ringforma blad nede. Blada er i to rekkjer, og dei er tjukke, opprett, 5–10 cm lange.

Dei kvite, hengande, klokkeforma blomane sit einsleg øverst, nede ofte i par. Kantkonvall får blåsvarte bær med lyseblå voksoverdrag. Bæra kan bli 10–15 mm i diameter.

Hvite, hengende, klokkeformede blomster med lys grønn kant. Henger på rad på stilk, to enslige og to sammen i par

Ovale grønne blader med blå bær hengende på stilk

Giftinformasjonen er tilgjengelig ved behov

22 59 13 00

Døgnåpen telefon

Innholdet er levert av Giftinformasjonen

Sist oppdatert onsdag 19. mai 2021