Kranskonvall

Kranskonvall (Polygonatum verticillatum) er ei plante med irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete fleire enn 8–10 bær frå kranskonvall.

Kranskonvall med raude bær som heng under blada

Symptom ved forgiftning med kranskonvall

Dersom barnet ditt har smakt på kranskonvall kan han/ho få følgjande symptom:

  • vondt i magen
  • kvalme
  • oppkast og/eller diaré

Førstehjelp ved forgiftning med kranskonvall

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen
  • Gje litt drikke
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete fleire enn 8–10 bær frå kranskonvall

Skildring av kranskonvall

Kranskonvall er ei viltvoksande plante som blir 25–90 cm høg. Stengelen kan ha brunlilla eller rødaktige flekkar.

Kranskonvall får raude bær som kan bli mørke i fargen.

Nåleformede grønne og gule blader som er  kransstilte