Lavendel

Lavendel (Lavandula angustifolia) er ei lite farleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Plante med mange små blålilla blomster på stilk

Førstehjelp ved uhell med lavendel

​Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av lavendel

​Lavendel er ei fleirårig plante / ein lita busk som blir om lag 20–60 cm høg. Planta har blålilla blomar som veks på noko som minner om aks. Blomane har ei tydeleg duft, som er lett å kjenne att.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Lavendel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 9. juni 2021 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/lavendel/

Sist oppdatert onsdag 9. juni 2021