Margeritt er ei lite farleg plante

Margeritt (Argyranthemum frutescens) er ei lite farleg plante, og det er ikkje forventa symptom om du tek ein liten smak.

Tynne, hvite kronblad.

Margeritt er populær i blomekasser, særleg på våren da blomen toler lave temperaturar.

Førstehjelp ved uhell med margeritt

Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av margeritt

​Margeritt blir cirka 30 til 50 cm høg. Blada er flikete, med matt grågrøn farge. Blomane er ofte kvite og minner om prestekrage, men finst også i variantar som er rosa eller gule.

Margeritt er populær i blomekasser, særleg på våren da blomen toler lave temperaturar.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Margeritt er ei lite farleg plante. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 11. oktober 2024 [henta torsdag 24. oktober 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/margeritt/

Sist oppdatert fredag 11. oktober 2024