Oljeplante er svært giftig

Oljeplante (Ricinus communis) er ein svært giftig plante. Heile planten inneheld giftstoff. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet har smakt på oljeplante.

Rødbrune blomsterblad av oljeplante med røde, lange stilker. Grønne planter i bakgrunnen med små, hvite stjerneformede blomster

Oljeplante er ein stor, kraftig eittårig plante med grøn eller raudbrun farge som får små blomstrar i klasar, og store frøkapslar med mjuke piggar.

Førstehjelp ved forgiftning med oljeplante

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen. 
  • Gje litt drikke. 
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet har smakt på oljeplante. 
  • Ved alvorlege symptom, ring 113. 

Skildring av oljeplante

Oljeplante (Ricinus communis) er ein stor, kraftig eittårig plante med grøn eller raudbrun farge. Oljeplante får små blomstrar i klasar, og store frøkapslar med mjuke piggar. Planten har tre dekorative frø som er inntil 1 cm lange. 

Oljeplante er ein stor, kraftig eittårig plante med grøn eller raudbrun farge som får små blomstrar i klasar, og store frøkapslar med mjuke piggar.

Kontakt Giftinformasjonen om uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnopen telefon.

Ved alvorlige symptom ring:

113

For helsepersonell

Tilrådingar for behandling av akutte forgiftingar, utarbeidde av Giftinformasjonen. 

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Oljeplante er svært giftig. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 11. januar 2024 [henta onsdag 29. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/oljeplante/

Sist oppdatert torsdag 11. januar 2024